Innhaldsdesign og UX-skriving er..

  • ..designmetodikk med rett blikk

    Faget lærer oss å behandle ord som designkomponentar som skal rettleie folk gjennom digitale tenester og produkt. I tillegg til å plassere rett ord i rett kontekst for at folk skal få gjort det dei kom for, skal det vi lagar også bidra til å oppnå forretningsmål for avsendaren.

  • ..ein måte å sikre brukarorientering på

    Innhaldsdesign handlar mindre om korrekt grammatikk og saumlaus setningsflyt, og meir om å planlegge, lage, forvalte og forkaste innhald, basert på innsikt og kunnskap om brukarane og kundereisa.

  • ..å erstatte samtalar

    Brukarar forventar at dingsane vi interagerer med skal forstå oss og behova våre, og gi oss logiske svar på det vi lurer på. Ein god samtale mellom menneske flyt gjerne umerkeleg og saumlaust avgårde. Det same kjenneteiknar ein god interaksjon med eit grensesnitt der ein innhaldsdesignar har vore involvert.  

Noregs første lærebok om innhaldsdesign og UX-skriving

Boka Design med ord - Ei innføring i innhaldsdesign og UX-skriving (2023) lærer deg å kombinere designmetodikk med skrivehandverket og bruke tekst og språk for å rettleie folk gjennom digitale brukargrensesnitt. Anten du er god til å skrive frå før og vil lære deg å bruke handverket ditt i design og tenesteutvikling, eller du er ein designar som vil utvide verktøykassa di og bli betre til å skrive brukarorientert: Denne boka skal sette deg i stand til å ta rolla som innhaldsdesignar frå start til slutt i ein designprosess.

Kurs og foredrag om innhaldsdesign

Jo fleire innhaldsdesignarar og UX-skribentar vi er, jo betre. Det fins inga utdanning, men Susanne og Netlife held stadig kurs og foredrag om temaet. Om du er tekstforfattar som stadig må jobbe litt med UX, eller UX-ar som stadig må ta skrivejobbar, ta kontakt med Netlife for eit skreddarsydd kurs, workshop eller foredrag om å designe brukaropplevingar med ord.